Velkommen til Osterøy Turlag

Osterøy Turlag er for deg som likar aktivt friluftsliv. Til fots eller på ski i naturen på Osterøy, Stølsheimen, Bergsdalen, Hardangervidda. I kajakk eller kano på fjorden eller i Storavatnet.

Turprogrammet vert sendt ut på Osterøy januar kvart år samt lagt ut her på nettsida vår. Vi har og Facebookgruppe der det oppdaterast med bileter og arrangement. Programmet prøver vi å tilpassa slik at vi får store og små ut på tur.

Pr juni 2018 har Osterøy Turlag  omlag 430 medlemer. Nytt av året er ungdomsgruppe som er starta opp. Elles er vi godt i gang med padleturar og kurs i padling med base i padlenaustet i Raknesvågen. Vi har også fått leige notnaustet like ved, og er i gang med å lage heilårs driftsplan.

Meir opplysningar, sjå "Om oss".

Nyheter