Vi startar årets padlesesong med ei kulinarisk reise. Det meste av tang, sneglar, planter og lav kan etast og har vore ein del av dietten i tusenvis av år. Har du lyst å tilberede ekte vikingmat fra naturen? Frå naustet i Raknesvågen padlar vi ut i fjorden for å finne vekster ein kan ete for så å tilbrede godsakene på land. Turleiar og guide på turen er padleinstruktør Ronny Riise. Turen passar for deg som har padla før, og det kan delta inntil 10 personar. Alle må ta med turpanne og brenner. Treng du låne kajakk så gi beskjed til Marianne Pedersen som også tek påmeldinga. For deg som er medlem i DNT kostar kurset kr 300,- og ikkje-medlemmar kr 400,-. Betaling skjer på Vipps på turdagen. Du møter kl 17 i naustet og arrangementet er ferdig kl 21.
Dette er ein unik mulighet til å lære deg meir om livet i havet. Velkommen!
Foto: Øyvind Bliksvær