Træet gard

Træet gard på Osterøy er eit restaurert småbruk, vel 100 år gamalt. Det ligg vel 10 kilometer frå Bruvik på Osterøy si austside. Hytta ligg berre 200 meter over havet i idylliske omgjevnader, med fine turmoglegheiter sommer som vinter. Hytta er lett tilgjengeleg via grusveg ein knapp kilometer frå parkeringsplassen på Blomdalsleitet.

Træet gard er restaurert og tilrettelagt spesielt med tanke på born, og egnar seg godt for barnefamiliar, barnehagar og skule.

Frå hausten 2015 har Osterøy Turlag teke på seg ansvaret for tilsyn og dugnadsarbeid.