Veltekurs og kameratredning i Hjellvikvågen

Fellestur

Dato
1. juni kl. 17:00 - 19:00
Passer for
Alle
Turtyper
Fellestur, Padletur, Kajakk, Kameratredning, Velt
Arrangør
Osterøy Turlag
Turområde
Nordhordland (se kart)

No får du høve til å lære eller friske opp kunnskapen om kva du gjer om du eller kameraten din veltar i kajakk. Heilt kostandsfritt har Ronny Riise tatt på seg ansvaret å instruere korleis vi kjem oss i kajakken ved velt. Ronny Riise er ein kjent kajakkinstruktør med lang erfaring. Han er International Coach i British Canoeing og veileder i Norges Padleforbund. Han er og Mental Health First Aider i MHFA England. Til dagleg driv han firmaet Riise friluftsliv som spesialiserer seg på padlekurs og import av kajakkar. Dette er altså ein unik sjanse til å få lære frå ein av dei beste. Dersom du har eigen kajakk og tørrdrakt treng du ikkje melde deg på, men treng du låne kajakk og utstyr så har Ronny Riise utstyr til seks personar. Ta kontakt med Marianne Pedersen, tlf 483 30 833, for å melde di interesse for lån av utstyr. Første mann til mølla!

Velkommen til ein flott kveld på Hjellvik badeplass!

Veltekurs og kameratredning i Hjellvikvågen

No får du høve til å lære eller friske opp kunnskapen om kva du gjer om du eller kameraten din veltar i kajakk. Heilt kostandsfritt har Ronny Riise tatt på ...

Kontaktinformasjon:

  • Marianne Pedersen
  • Tlf. 48330833