DNT ung Osterøy

DNT ung Osterøy er for deg mellom 13 - 26 år som er nysgjerrig på friluftsaktivitetar og trivs ute!
DNT ung Osterøy er under oppstart og vil snart kunne tilbyr eit flott program av turar og aktivitetar for deg som er mellom 13-26 år. Interimstyret består av Ørjan Bakken Borge, Hanna-Marie Mjelstad og Sandra Siglevik. Dei planlegg turprogrammet, står for temakveldar og morosame arrangement i løpet av året. Turleiarane våre er frivillige og er ungdommar sjølv som har tatt turleiarkurs eller er i gang med det. Om du ønske å bli frivillig er det berre å ta kontakt på mail med vår kontaktperson Yvonne Hauge: yvonne.hauge@hotmail.com
Turane er alt frå korte og enkle turar i nærmiljøet, til lengre og brattare turar i høgfjellet. DNT ung Osterøy har planar om å arrangerer blant annet hytte til hytte-turar, bålkveldar, matkurs, kajakkturar og andre kjekke aktivitetar. Etter kvart vil me dele turane inn etter alder og vanskeligheitsgrad. Følg med på Facebook sida vår for fortløpande informasjon.
Du må ikkje være medlem i DNT for å delta på arrangementa, men medlem får alltid betre prisar.
