Om Oss

Kort om Osterøy Turlag

Skiping av Osterøy Turlag vart introdusert på folkemøte 16.09.14 etter initiativ frå folkehelsekoordinator Kristin Ruud Myking og Bergen og Hordaland Turlag.

På konstituerande møte 25.09.14 vart det vald interimsstyre for å førebu opptak av Osterøy Turlag som lokallag av BHT. Desse vart valde i interimsstyret: Jørgen Varden, leiar; Nina Nyheim, nestleiar; Ole Johan Faugstad, økonomi; Turid Reigstad,skrivar; Marie Vrålstad, styremedlem. Folkehelsekoordinator Kristin Ruud Myking vart med som observatør.

Osterøy Turlag vart registrert i Brønnøysundregistra 01.12.14.

Stiftingsmøte som lokallag nr 14 i Bergen og Hordaland Turlag vart halde ved ekstraordinært årsmøte 23.04.15. Interimsstyret vart vald som styre fram til årsmøte 2016. Vedtektene og samarbeidsavtale med Bergen og Hordaland Turlag vart godkjende.

BHT har vore til avgjerande hjelp i oppstarten, m.a. ved å arrangere ambassadørkurs 22.10.14 og nytt kurs 03.02.15. Vi har dermed 66 medlemer som har teke grunnkurset. Kurs i grunnleggjande turleiaropplæring for barne- og ungdomsturar vart gjennomført i mars i år på Træet med 4 deltakarar frå OT På same stad vart det i april halde grunnleggjande turleiaropplæring for turar med vaksne med 7 deltakarar frå OT. Vi har delteke på fellessamlinga for turlaga i fylket på Panorama Hotel i Sund i nov 2014 og på landsmøtet i DNT i Harstad i juni 2015.

Styret inviterte alle lag og organisasjonar som har tiltak innan friluftsliv i Osterøy til fellesmøte straks etter oppstart for å drøfta koordinering og samarbeid og unngå interessemotsetnader i framtid. Turlaget har som klår målsetjing å supplera eksisterande tilbod og ikkje koma i vegen for gode tiltak som er i gang.

Turane i vårhalvåret hadde god deltaking. Opptur med 8. klassingane ved Osterøy ungdomsskule fekk gode tilbakemelding. På Kom deg ut-dagen i haust var 150 innom aktivitetane på badeplassen ved Brakvatnet. 

Frå 2016 vil vi setja opp heilårsprogram med innslag av turar også utanfor kommunen

På initiativ frå Bergen og Hordaland Turlag har vi teke på oss drifts- og vedlikehald av Træet som er Borna sitt turlag si hytte på Bruvikdalen.

Lonevåg, 22.09.2015

Jørgen Varden

styreleiar