Naustreglar for brukarar 

1. Padlenaust og notnaust med vandringar og ramper for kajakk ut og inn med tillegg av hytta ved Raknestunet, er omfatta av desse reglane. Turlaget er leigetakar på heile området og er avhengig av eit godt omdøme til ei kvar tid. Ein skal visa hensyn til andre brukarar og varsemd med bygningar, utstyr og inventar.

2. Er det berre to parkeringsplassar att, parkerer ein innanfor porten til idrettsplassen ved Raknestunet. Unntak frå dette er når det er aktivitet på Raknestunet.

3. Alle som brukar naustområdet skal syta for at kajakkar og utstyr vert brukt med varsemd.

4. Etter bruk skal kajakkar og utstyr spylast med hageslange som heng på naustveggen. Denne må koblast til uttaket på hytta til Raknestunet. Kajakkar skal plasserast etter nr. og alt utstyr hengjast på plass. Vannslangen på naustveggen skal kveilast opp og tilbake på plass.

5. Papir, plast og anna avfall tek ein med seg.

6. Open eld til grilling og anna skal berre skje på tillaga bål-/grillplass ute. Det skal ikkje nyttast eingongsgrill.

7. Når du forlet området skal det sjå slik ut du sjølv ønskjer å finna det, inne som ute.

Revidert 19.06.2018.

Prisar på utleie av kajakkar med trekk og redningsvest

Er det første gongen du prøvar ein kajakk kan du låne denne gratis dersom du har med deg ein voksen med våttkort. 

Utleieprisane er satt opp både for medlemmar og ikkje-medlemmar:


Kveldstur:        kr 100/200

Dagstur:           kr 200/300

Årsleie:             kr 500/1000

Familie kveld: kr 200/400

Familie dag:     kr 400/600

Familie årsleie: kr 1000/2000

Barn til og med 7.klasse: Kr 0/100  (Her MÅ det vere ein voksen med våttkort som følger)

Sesongen for fellesaktivitet er slutt for 2019. Vil du likevel låne kajakk eller få anna informasjon vedrørande naustet, ta kontakt med Marianne Pedersen tlf 483 30 833