VEDTEKTER FOR OSTERØY TURLAG

§1 Føremål

Osterøy Turlag skal fremja eit aktivt og trygt, enkelt og naturvenleg friluftsliv på område knytt til laget si verksemd. Turprogram for alle Aldersgrupper skal gje kjennskap til og opplevingar i variert Osterøy-natur. I tillegg vert turmål i andre kommunar og landsdelar sett opp etter medlemene sine ynskje.Turlaget samarbeider med andre lag og organisasjoner i kommunen der det fremjer føremålet. Osterøy Turlag er eit lokallag av Bergen og Hordaland Turlag , og samordner verksemda si med dette.

§ 2 Arbeidsområde og medlemsområde. Kontingent.

Osterøy Turlag inngår avtale med Bergen og Hordaland Turlag om organisatoriske forhold , gjensidig nytte og plikter, og lokallaget sitt medlemsområde og verkeområdeMedlem av laget er alle som er medlem av Bergen og Hordaland Turlag/DNT innafor det avtalte medlemsområdet.Medlemskontingenten vert fastsett av Bergen og Hordaland Turlag. Osterøy Turlag og Bergen og Hordaland Turlag gjer avtale om fordeling av kontingentinntekter frå medlemsområdet.

§3 Årsmøte

Årsmøte vert halde innan utgangen av januar månad. Kunngjering skal sendast ut med minst 14 dagers varsel. Årsmøtedokumenta skal vera tilgjengelege frå det tidspunkt årsmøtet er kunngjordt.

Årsmøtet behandler:

                                            1)         Årsmelding

                                            2)         Rekneskap

                                            3)         Val av styre

                                            4)         Val av revisor

                                            5)         Val av valnemnd

Årsmøtedokumenta vert å senda til Bergen og Hordaland Turlag når sakene er behandla.

§4  Ekstraordinært årsmøte


Etter vedtak i styret eller etter skriftleg krav frå minst 10 medlemer, skal det haldast ekstraordinæret årsmøte.

Kunngjering skal sendast ut med minst 14 dagers varsel. I kunngjeringa skal det framgå kva saker som skal behandlast. Dokumenta skal vera tilgjengelege frå det tidspunkt møtet er kunngjordt.

§5  Styret

 Osterøy Turlag vert leia av eit styre.

Styret vert vald på årsmøtet og har styreleiar, fire styremedlemer og ein varamedlem.

Styreleiar vert vald for eit år ved eige val.

Dei øvrige styremedlemene vert valde for to år. Ved første val vert to av styremedlemene vald for eit år. Varamedlem vert vald for eit år.

Styret konstituerer seg sjølv.

Styret vert innkalla til møte av leiar eller av to styremedlemer i fellesskap.

Styret kan gjera vedtak når minst tre medlemer er til stades. Vedtak vert gjordt med simpelt fleirtal. Ved likt stemmetal avgjer styreleiar.

Styreleiar saman med eit styremedlem forplikter Osterøy Turlag med sine underskrifter.

§6 Valkomite

Årsmøtet vel valkomite som skal ha tre medlemer og eit varamedlem.
Det sitjande styret gjev innstilling til val av medlemer til valkomite på årsmøtet. To medlemer og varamedlem står på val kvart år.Valkomiteen gjev innstilling til årsmøtet på

'  styreleiar

'  to styremedlemer og ein varamedlem

'  to revisorar med ein varaperson

Frå det året medlemer av laget fyller 15 år, har ein røysterett og kan veljast til styret.

For val av revisor gjeld 18 år.

§ 7  Vedtektsendring

Endring av vedtektene krev at minst 2/3 av dei frammøtte på årsmøtet røyster for. Før framlegg om vedtektsendring kan behandlast, skal framlegget ha vore til uttale i styret i Bergen og Hordaland Turlag.

§8  Oppløysing

Oppløysing av Osterøy Turlag må vedtakast av to årsmøte og minst 3/4 av dei frammøtte på årsmøtet og ekstraordinært årsmøte må røysta for oppløysing.
Ved oppløysing skal laget sin formue og eignelutar  overførast til Bergen og Hordaland Turlag.